Aure kyrkjelege fellesråd > Artikler > Nyheter
Aure kirke

Aure kirke

Aure kyrkje er ein korskyrkje som ligg i Aure sentrum i Aure kommune. Plassen kyrkja ligg på har vore kyrkjeplass sia 900-talet. Den gamle kyrkja var ei stavkyrkje frå middelalderen, Sankta Maria kyrkja. Ho blei rive i 1726.

I 1727 blei det ferdigstilt ei ny kyrkje, ei korskyrkje i tre. 21. januar 1923 slo lynet ned i kyrkja, og kyrkja brann ned.Altertavla, eit gammalt alterskap og nokre maleri blei redda.

Den nye kyrkja, som og er ei korskyrkje i tre, blei innvia 24. oktober 1924. Arkitekten var Nils Ryjord, som hadde vore tilknytt Nidarosdomen.


Del denne artikkel på e-post