Aure kyrkjelege fellesråd > Artikler > Nyheter
Konfirmantar

Konfirmantar

Konfirmasjon

I Aure får alle som går i åttande trinn på ungdomsskulen invitasjon til å bli med på den kyrkjelege konfirmantundervisninga. Denne invitasjonen blir sendt ut i mai - juni kvart år.
 
Konfirmantundervisninga startar i september og varer til ut mai månad.
I tillegg til dei vanlege timane, reiser vi ei helg på konfirmantleir. Dessutan brukar vi å ha eit par aktivitetsdagar der vi gjerne besøker/samarbeider med andre konfirmantar. Til dømes Aure/Stemshaug, Tustna og Smøla. Konfirmantane skal òg vere med på åtte gudstenester i løpet av året. Det er fire før jul og fire etter jul.

 

Her kan de melde dere på:

Påmelding Aure, Tustna og Stemshaug sokn

 


Del denne artikkel på e-post