Aure kyrkjelege fellesråd > Artikler > Nyheter
Fellesrådet

Fellesrådet

AURE KYRKJELEGE FELLESRÅD

Aure kyrkjelege fellesråd er ein del av Ytre Nordmøre Prosti (Aure, Averøy, Eide, Smøla og Kristiansund). Fellesrådet er eit organ for Aure, Stemshaug og Tustna Sokn. Fellesrådet er samansatt av representantar for sokneråda i kommunen, ein representant for kommunestyret og prosten i Prostiet.

Aure kyrkjelege Fellesråd har ansvar for kyrkjene i kommunen (Aure, Stemshaug og Gullstein), ansvar for kyrkjegardane (Aure, Stemshaug, Folde og Gullstein), og arbeidsgjevaransvaret for dei fleste tilsette i den lokale kyrkja. (Presten er statstilsatt).  Fellesrådet er til dagleg leia av ei kyrkjeverje.

Det er soknerådet som opptrer på vegne av soknet dersom ikkje anna kjem tydeleg fram i lova eller har heimel i lova. I kyrkjelova §14 er det likevel slått fast at kyrkjelydane gjennom fellesrådet skal samarbeide om visse oppgåver innanfor kommunen. Dette gjeld:

  • Administrative og økonomiske oppgåver. Til dels koordinering av budsjettarbeid på vegne av kyrkjelydane.
  • Mål og planar for den kyrkjelege verksemda i kommunen. I dette ligg det bl a å koordinere planane kyrkjelydane har for sin verksemd, og å sjå dette i høve til tilgjengelige ressursar.
  • Arbeidsgjevaransvar
  • Fremje samarbeid mellom sokna og ivareta samarbeidet med kommunen.

 


Del denne artikkel på e-post