Aure kyrkjelege fellesråd > Artikler > Nyheter
Gravferd

Gravferd

Begravelser

 

Kontaktpersonar ved kyrkjekontoret i samband med gravferd kan kontaktast ( i kontortida) på tlf:  71 64 62 51

 

Kyrkjeverja:       Fastsetjing av tid for gravferd og spørsmål kring gravstaden  ( mob: 92 43 52 80)

 

Prest:                    Samtale. Planlegger og praktiske ordningar omkring gravferda.

                              Til hjelp ved val av song og musikk kan de knotakte gravferdsbyrå

 

Organist:             Kan også hjelpe ved val av song, musikk og soloinnslag,  Etter avtale kan organisten spele / preludere 15 min. før gravferda.  (mob: 92 43 01 13)

 

Informasjon:

 

Avtale om gravferd:

  • Ta kontakt med kyrkjeverje eller gravferdsbyrå for melding av dødsfall.
  • Kyrkjeverja fastset tidspunkt for gravferd i samråd med presten og svarar på spørsmål kring gravstaden.
  • Presten tek kontakt for å avtale sørgjesamtale.
  • Det er avdødes næraste etterlatne (over 18 år) som skal sørgje for gravferda, og om ikkje anna er avtala på førehand, skal også denne personen stå som ansvarleg festar for gravstaden.
  •  

Førebuing:

  • I samtale med presten kan familien avtale korleis ein vil ha gravferda m.h.t. songar, solosong o.s.v. Presten kan også være til hjelp med kransepålegging i gravferda.
  • Ved val av solosongar/artist må pårørande sjølve gjere eigne avtalar.
  • Kunngjering av dødsfallet og andre praktiske omsyn kan takast opp her.
  • Presten skriv minnetale i etterkant av samtalen.
  • Pårørande må sjølve ta kontakt med gravferdsbyrå. Men det er ingen hinder for at familien sjølv kan stå for gravferda.
  • Den ansvarlege for gravferda må fylle ut skjemaet ” Begjæring av grav”. Dette får ein på kyrkjekontoret eller hos gravferdsbyrå.

 

Faste gravferdsdagar:

I Aure har vi faste gravferdsdagar og tidspunkt. Det er likevel kyrkjeverja i samråd med presten som fastset endeleg dag og tidspunkt.

 

* Aure og Stemshaug kyrkjegard:                 Tysdag   kl.  10.30    og 13.00

                                                                                         Torsdag  kl.  12.30

                                                                                         Fredag    kl.  10.30

 

               *Gullstein kirkegård:                                      Onsdag  kl.   11.00  eller 12.00

                                                                                         Fredag   kl.   13.30

 

Gravstad:

  • Pårørande blir einig med kyrkjeverja om val av gravstad. Det mest naturlege er å bli gravlagt der ein sokna til. Dei som har bustad på Ertvågøya blir rådde til å bruke Folde gravlund, på grunn av liten plass på Aure kyrkjegard.
  • Grava er fri for avgift dei første 20 åra. (fredingstid)  Etterpå betalar ein festeavgift på ein periode på 10 år i gongen. Er grava festa frå før, blir det ingen frigravperiode.
  •  I samband med ei gravferd er høve til å feste ei grav ved sida av, og i enkelte tilfeller to graver. Her må ein betale festeavgift frå første året.
  •  Kyrkjegardsbeteninga vil etter 1-2 veker rydde grava for blomster og kransar, Etter min. 6 veker eller når grava har sunke tilstrekkeleg, vil kyrkjegardsbetjeninga sørgje for planering og tilsåing.

 

Gravminne og plantefelt:

  • Det er høve til å setje opp eit gravminne pr. grav, og dette kan tidligast skje 6 mnd. etter gravferda. I mellomtida ordnar kyrkjegardsbetjeninga med eit trekors med namn.
  • Maksimum mål for gravminne:  Vekt.  300 kg. Bredde 85 cm, høgde 150 cm. Tjukkelse inklusive plantefelt 60 cm.
  • Gravminnet skal sikrast med forskriftmessig fundament og to stålboltar  som forbind gravminne til fundamentet.
  • Festaren/pårørande er ansvarleg for stell og vedlikehald av gravstaden.

 

 

Lokale kyrkjegardsvedtekter gjev viktig informasjon om rettar og pliktar pårørande/festar har for gravstaden.


Del denne artikkel på e-post