Aure kyrkjelege fellesråd > Artikler > Nyheter
DIAKONI

DIAKONI

Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste. Det er evangeliet i handling, og kjem til uttrykk gjennom nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kamp for rettferd.

Aure, Stemshaug og Tustna har eit felles diakoniutval som består av frivillige menn og kvinner. Dei fleste er med i soknerådet, men ikkje alle. Diakoniutvalet har ei plan som det blir jobba ut frå. Vi har mellom anna ei besøksteneste, der vi besøker dei som bur i omsorgsbustader og på sjukeheim.

Vi har i mange år hatt eit samarbeid med Aure Reiseservice, der Diakoniutvalet har ansvar for å samle inn ei hjelpesending til Estland. Aure Reiseservice sørgjer for transporten. I Estland har vi kontakt med ein kyrkjelyd og ein barneheim, for å nemne noko. Diakoniutvalet har dei siste åra arrangert utlodning på sommaren og fått inn mykje pengar som går uavkorta til hjelpearbeidet i Estland.

Diakoniutvalet er med og arrangerer Fasteaksjonen saman med konfirmantane og konfirmantutvalet.

På Helgemesse (første søndag i november) er det gudsteneste i alle tre kyrkjene, og det blir delt ut gule roser til alle frammøtte. Dette er Diakoniutvalet sitt ansvar.


Del denne artikkel på e-post