Personvernerklæring

Personvernerklæring

På grunn av den nye personvernforordninga legg vi no ut ei personvernerklæring på heimesia vår.

PERSONVERNERKLÆRING

 

PERSONVERN, NETTBASERT BEHANDLING AV PERSONOPPLYSNINGER

Denne personvernerklæringa gjeld for  Aure kyrkjelege  fellesråd sine nettstader. Aure kyrkjelege  fellesråd er handsamingsansvarleg for personopplysningar som samlast inn på nettsidene: aurekyrkje.no og undersider av denne. Det gjeld eigne databehandlaravtalar for andre tenester levert av Aure kyrkjelege  fellesråd. Ta kontakt med vår administrasjon for ytterlegare informasjon om vilkår som gjeld for øvrige tenester.

 

PERSONOPPLYSNINGAR SOM BLIR HANDSAMA

Aure kyrkjelege  fellesråd samlar ikkje opplysningar om personlege betalingskort.

Eksempel på informasjon som blir innhenta:
- Personnamn og personnummer eller fødselsdato.
- Kontaktperson
- Firmaadresse/fakturaadresse
- Telefonnummer og e-postadresse
- Informasjon om din bruk av nettsida, i form av m.a. kva  undersider som blir besøkt, nettlesarinstillingar og IP-adresse

 

KORLEIS BLIR INFORMASJONEN INNHENTA?

Aure kyrkjelege  fellesråd samlar inn opplysningar gjennom skjema på våre nettsider. Det er frivillig å oppgie denne informasjonen. Dersom du vel å ikkje oppgje  personopplysningane, kan vi bli forhindra  frå å gje deg tilgang til tenesta.

Eksempel på skjema:
- Kontaktskjema
- Ved påmelding til konfirmasjon, dåp, aktivitetar i trusopplæringa
- Når ein  lastar ned dokument  t.d. frå våre nettsider

Vidare vil invitasjonar til trusopplæring, bli sendt på grunnlag av opplysningar som ligg inne i Den norske kyrkja sitt  medlemsregister

 

FORMÅLET MED INFORMASJONEN SOM BLIR INNHENTA

- For å kunne gje tilgang til våre tenester
- For å kunne sende relevant informasjon
- For å kunne ta kontakt og tilby våre tenester

Vi opprettar ikkje eigne profilar på bakgrunn av informasjonen som blir innhenta, men kan lagre desse for å yte god kundeservice. Det vi lagrar er basert  kun på informasjon som du frivillig gjev oss, vi hentar ikkje inn informasjon frå tredjepartar.

 

KORLEIS BLIR INFORMASJONEN LAGRA?

Informasjon innhenta gjennom skjema på aurekyrkje.no eller undersider, blir lagra på ekstern server hos Kirkedata..

 

KORLEIS BLIR OPPLYSNINGANE SLETTA?

Informasjon blir sletta på oppfordring ved å kontakte vår administrasjon.

 

UTLEVERING AV INFORMASJON TIL TREDJEPART?

Personopplysningane blir ikkje delt med utanforståande tredjepartar, men Aure kyrkjelege  fellesråd  kan bruke underleverandørar til å levere heile eller deler av nettsida. Slike underleverandørar kan handsame personopplysningar på vegne av Aure kyrkjelege  fellesråd, men kan ikkje dele disse vidare utan samtykke.

 

RETTAR

Som brukar av nettsidene våre har du rett til å krevje innsyn i personopplysningane som vi handsamar om deg, og korleis dei blir handsama. Du kan også krevje retting, sletting og avgrensingar i handsaming  av personopplysningar i henhold til personopplysningslova.

Der handsaminga av personopplysningar er basert på samtykke, kan du til ei kvar tid trekkje samtykket tilbake.

Dersom du meiner at Aure kyrkjelege  fellesråd ikkje har overheldt dine rettar i henhold til personopplysningslova, har du rett til å klage til den aktuelle tilsynsmyndigheita. Dette gjer du  ved å sende klage til Datatilsynet, kontaktinformasjon er tilgjengeleg på www.datatilsynet.no.

 

KONTAKTINFORMASJON

Telefon 71 64 62 51, post@aurekyrkje.no, Aure kyrkjelege  fellesråd, Aursundvegen 147, 6690  AURE.


Del denne artikkel på e-post