STILLINGAR LEDIG


TRUSOPPLÆRER- SEKRETÆR- KONFIRMANTLÆRAR

 

Aure er ei kystkommune på Nordmøre som ligg på grensa til Trøndelag. Fjord og fjell og gode høver til friluftsliv. Mange aktive lag og organisasjonar.

Aure kyrkjelege  fellesråd  har følgjande stillingar ledig :

TRUSOPPLÆRARAR  32% stilling

Vi søkjer etter deg som har glød for å gje tru, håp og kjærleik vidare til barn og unge. Du får høve til å arbeide med barn og unge frå 0-18 år.

I Aure fellesrådsområde er det tre sokn, Aure, Stemshaug og Tustna. Det er til saman ca. 500 barn i alderen 0-18 år. Det er utarbeidd plan for trusopplæring, der alle tiltaka er starta opp, men du får høve til å utvikle dette arbeidet vidare.

 Søkjar bør ha relevant pedagogisk utdanning og erfaring. Lokal forankring kan bli vektlagt.

 

KYRKJELYDSARBEIDAR/SEKRETÆR 38% stilling frå 01.05.2022

Dette er ei kombinert stilling som innehar sekretærfunksjon og sakshandsaming for dei tre sokneråda i fellesrådsområdet, vidare arbeid opp mot diakoniutvalet og besøksteneste.

Elles forefallande kontorarbeid.

 

Om vi ikkje får tilsett fast prest vil også følgjande stilling bli ledig:

KONFIRMANTLÆRAR inntil 20% stilling frå 15.08.2022  

Ansvar for konfirmantundervisninga for konfirmantane i Aure, Stemshaug og Tustna sokn. Tidlegare har konfirmantane på Aure og Stemshaug hatt felles undervisning. Det er undervisning ca.2 g. pr.mnd.  I tillegg å delta på nokre gudstenester og helgesamlingar Søkjar bør ha relevant pedagogisk utdanning og erfaring. Lokal forankring kan bli vektlagt.

Stillingane kan kombinerast.              

Vi tilbyr gode arbeidsforhold i eit godt arbeidsmiljø. Søkjar bør disponere eigen bil og må vere medlem av Den norske kyrkja. Løn etter tariff.

 

Søknad kan sendast til Aure kyrkjelege fellesråd, Aursundvegen 147,  6690 Aure el. post@aurekyrkje.no .

Kontaktperson: Judith. Bjørk, tlf 47974784

Søknadsfrist: Snarast

Tilbake