TENNER LYS FOR DEN SOM HAR GÅTT BORT


VI TENNER LYS FOR DEN SOM HAR GÅTT BORT

 

Å tenne lys blir eit stadig sterkare symbol i sorga. Frå 1. desember 2021 vart det innført å tenne eit lys og minne den som er død. Dette vil skje under fyrste gudstenesta etter gravferda i den kyrkja vedkomande sokna til.

Vi har utarbeidd ei brosjyre som pårørande får utdelt på sørgesamtalen med presten.

Der står det dato der denne handlinga vil skje, og dei pårørande er velkomne til å vere til stades. Vi vil framleis fortsette med å invitere til kyrkje på Allehelgenssøndag i oktober/november, der alle som er døde siste året vil bli minna.

Tilbake