På grunn av den nye personvernforordninga legg vi no ut ei personvernerklæring på heimesia vår.
PERSONVERNERKLÆRING
PERSONVERN, NETTBASERT BEHANDLING AV PERSONOPPLYSNINGER
Denne personvernerklæringa gjeld for Aure kyrkjelege fellesråd sine nettstader. Aure kyrkjelege fellesråd er handsamingsansvarleg for personopplysningar som samlast inn på nettsidene: aurekyrkje.no og undersider av denne. Det gjeld eigne databehandlaravtalar for andre tenester levert av Aure kyrkjelege fellesråd. Ta kontakt med vår administrasjon for ytterlegare informasjon om vilkår som gjeld for øvrige tenester.
PERSONOPPLYSNINGAR SOM BLIR HANDSAMA
Aure kyrkjelege fellesråd samlar ikkje opplysningar om personlege betalingskort.
Eksempel på informasjon som blir innhenta:
- Personnamn og personnummer eller fødselsdato.
- Kontaktperson
- Firmaadresse/fakturaadresse
- Telefonnummer og e-postadresse
- Informasjon om din bruk av nettsida, i form av m.a. kva undersider som blir besøkt, nettlesarinstillingar og IP-adresse
KORLEIS BLIR INFORMASJONEN INNHENTA?
Aure kyrkjelege fellesråd samlar inn opplysningar gjennom skjema på våre nettsider. Det er frivillig å oppgie denne informasjonen. Dersom du vel å ikkje oppgje personopplysningane, kan vi bli forhindra frå å gje deg tilgang til tenesta.
Eksempel på skjema:
- Kontaktskjema
- Ved påmelding til konfirmasjon, dåp, aktivitetar i trusopplæringa
- Når ein lastar ned dokument t.d. frå våre nettsider
Vidare vil invitasjonar til trusopplæring, bli sendt på grunnlag av opplysningar som ligg inne i Den norske kyrkja sitt medlemsregister
FORMÅLET MED INFORMASJONEN SOM BLIR INNHENTA
- For å kunne gje tilgang til våre tenester
- For å kunne sende relevant informasjon
- For å kunne ta kontakt og tilby våre tenester
Vi opprettar ikkje eigne profilar på bakgrunn av informasjonen som blir innhenta, men kan lagre desse for å yte god kundeservice. Det vi lagrar er basert kun på informasjon som du frivillig gjev oss, vi hentar ikkje inn informasjon frå tredjepartar.
KORLEIS BLIR INFORMASJONEN LAGRA?
Informasjon innhenta gjennom skjema på aurekyrkje.no eller undersider, blir lagra på ekstern server hos Kirkedata..
KORLEIS BLIR OPPLYSNINGANE SLETTA?
Informasjon blir sletta på oppfordring ved å kontakte vår administrasjon.
UTLEVERING AV INFORMASJON TIL TREDJEPART?
Personopplysningane blir ikkje delt med utanforståande tredjepartar, men Aure kyrkjelege fellesråd kan bruke underleverandørar til å levere heile eller deler av nettsida. Slike underleverandørar kan handsame personopplysningar på vegne av Aure kyrkjelege fellesråd, men kan ikkje dele disse vidare utan samtykke.
RETTAR
Som brukar av nettsidene våre har du rett til å krevje innsyn i personopplysningane som vi handsamar om deg, og korleis dei blir handsama. Du kan også krevje retting, sletting og avgrensingar i handsaming av personopplysningar i henhold til personopplysningslova.
Der handsaminga av personopplysningar er basert på samtykke, kan du til ei kvar tid trekkje samtykket tilbake.
Dersom du meiner at Aure kyrkjelege fellesråd ikkje har overheldt dine rettar i henhold til personopplysningslova, har du rett til å klage til den aktuelle tilsynsmyndigheita. Dette gjer du ved å sende klage til Datatilsynet, kontaktinformasjon er tilgjengeleg på www.datatilsynet.no.
KONTAKTINFORMASJON
Telefon 71 64 62 51, post@aurekyrkje.no, Aure kyrkjelege fellesråd, Aursundvegen 147, 6690 AURE.