AURE KYRKJELEGE FELLESRÅD HAR FØLGJANDE LEDIGE STILLINGER
Aure er ei kystkommune på Nordmøre som ligg på grensa til Trøndelag. Fjord og fjell og gode høver til friluftsliv. Mange aktive lag og organisasjonar.
Aure kyrkjelege fellesråd har følgjande stillingar ledig :
KYRKJETENAR/GRAVPLASSARBEIDAR I 40 % stilling frå 01.05.2024
Ansvarsområde er:
- Å klargjere kyrkja til gudstenester og kyrkjelege handlingar, og elles vaktmestarteneste
- Ein skal også være til stades å bistå prest og kyrkjelyd under handlingane.
- Som gravplassarbeidar har ein ansvar for klargjering og praktisk tilrettelegging av gravferd.
- Nødvendig vedlikehald av gravplassar og bygningar som høyrer til gravplassen
- Ekstra arbeid på sommarhalvåret
1 ÅRS VIKARIAT SOM KYRKJELYDSARBEIDAR/SEKRETÆR 40% stilling frå 01.07.2024, med mogeleg oppstart tidlegare
Ansvarsområde er:
- Registrere dåp-, vigsel- og gravferdspapir.
- Oppdatering på heimeside og videre publisering av arrangement i media.
- Ansvar for distribuering av meningehtsblad.
- Journalføring
- Anna forfallande kontorarbeid.
Vi tilbyr gode arbeidsforhold i eit godt arbeidsmiljø. Søkjar bør disponere eigen bil og må vere medlem av Den norske kyrkja. Løn etter tariff.
Søknad kan sendast til Aure kyrkjelege fellesråd, Aursundvegen 147, 6690 Aure el. post@aurekyrkje.no .
Kontaktperson: Judith. Bjørk, tlf 71646251/47974784
Søknadsfrist: 7 april 2024