FORSKRIFT OM GRAVPLASSVEDTEKTER I AURE KOMMUNE, MØRE OG ROMSDAL
Jf. lov av 7.juni 1996 nr. 32 om gravplassar, kremasjon og gravferd (gravplasslova) § 21 (1) , § 8 (1) og § 14 (1) og forskrift til lov om gravplassar, kremasjon og gravferd av 10. januar 1997 nr. 16 (gravplassforskrifta) § 15a (4), jf. gravplasslova § 14 (1) og § 21 (1).
Vidare jf. forskrift til lov om gravplassar, kremasjon og gravferd (gravplassforskrifta) § 5 (2)
Vedtatt av Aure kyrkjelege fellesråd 23.11.2021
Godkjent av Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark 04.08.2022
Trer i kraft frå: 04.08.2022
§ 1 FORVALTNING
Gravplassane i Aure kommune er underlagt Aure kyrkjelege fellesråd
§ 2. DEFINISJONER
Gravplassmyndigheita: Aure kyrkjeleg fellesråd under utøving av forvaltningsansvaret sitt for gravplassane i Aure kommune, jf. gravplasslova med forskrifter.
Fri grav: Grav som gravplassmyndigheita har tildelt ein avdød person frå kommunen, og som det ikkje blir betalt festeavgift for i fredingstida.
Festa grav: Grav som blir festa mot betaling av avgift.
Festa gravstad: Fleire kistegraver som er festa saman.
Urnegrav: Grav til askeurne med plass til fire urner, jf. gravferdsforskrifta § 14
Kistegrav: Grav som ivareteke forskrifta sine krav til storleik for gravlegging av kister. I ei kistegrav kan det også gravleggjast urner.
Fredingstid: Tidsrom frå siste gravlegging til grava kan takast i bruk igjen til ny gravlegging.
Festetid: Tida det er avtala å feste ei grav for.
Ansvarleg for grav: Den som er ansvarleg for ei fri grav.
Festar: Den som står som part i ein festeavtale.
Namna minnelund: Gravfelt med felles minnesmerke med namn og data på dei som er gravlagt der.
§ 3. FERDSEL PÅ GRAVPLASSANE
Besøkande skal om mogeleg ferdast gåande, jf. gravplassforskrifta § 9 (2). Gravplassmyndigheita kan etter søknad gi løyve til at ein kan køyre, ved dokumentert sjukdom/forflyttingshemming. All køyring skal skje særleg omsynsfullt.
§ 4. GRAVPLASSTILHØYRSLE
I Aure kommune har vi fire gravplassar: Aure kyrkjegard, Gullstein kirkegård, Folde gravlund og Stemshaug kyrkjegard.
På Aure kyrkjegard er felt I- K tillat berre for urnegrav. Unntak er graver som er festa til bruk frå før.
På Stemshaug kyrkjegard er felt B stengt for kistegravlegging. Dette på grunn av leirholdig jord, og dårleg nedbryting.
På Folde gravlund er det teke av eit gravfelt til tilrettelagt for muslimsk gravskikk
Avdøde personar i kommunen kan gravleggjast på kva gravplass ein ønskjer i kommunen.
Dei har rett til fri grav så framt grava blir tilvist.
Avdøde personar som på grunn av sjukdom eller alderdom har budd i ein annan kommune mot slutten av livet, blir medrekna på same måte som kommunen sine eigne innbyggjarar, og har rett til fri grav så framt grava blir tilvist.
Avdøde personar frå andre kommunar kan bli gravlagt i kommunen mot at kostnadane ved gravferda og avgift som ved feste av grav blir betalt.
§ 5. FREDNINGSTID
Fredingstid for kistegraver er 20 år
Fredingstid for urnegraver er 20 år.
Gravplassmydigheita kan vedta lengre fredningstid for enkelte graver, der grunnforholda tilseier dette.
§ 6. FESTE AV GRAV
Når kistegrav skal takast i bruk er det høve til å feste ei grav ved sida av, og etter søknad til gravplassmyndigheita; for ei ekstra grav i tillegg når behovet tilseier det. Desse gravene utgjer då éin gravstad.
Ved feste av grav ved sida av den kistegrava som blir tatt i bruk, er festetida 20 år.
Når festetida er ute, kan gravstaden bli festa for nye 10 år. Når det er gått 60 år etter siste gravlegging, kan festet ikkje bli fornya utan etter særleg samtykkje frå gravplassmyndigheita.
I god tid før festetida er ute skal festaren bli varsla. Er ikkje festet blitt fornya innan seks månader etter forfall, fell grava eller gravstaden tilbake til gravplassen.
Innbetalt festeavgift blir berre betalt tilbake dersom tilbakebetaling følgjer av bindande rettsregler eller det ligg føre særlege grunnar.
Ingen kan bli gravlagt i festa gravstad utan festaren sitt samtykkje. Dersom det ikkje er råd å hente inn samtykkje frå den ansvarlege eller festaren til bruk av festa grav, kan gravplassmyndigheita ta avgjersle om gravlegging.
Festar pliktar å melde adresseendring.
§ 7. GRAV OG GRAVMINNE
Ved opning av grav kan jord bli lagt på omkringliggande graver og gravutstyr kan mellombels bli flytta. Gravplassmyndigheita sørgjer for istandsetting igjen, og vil også sjå til at grava blir planert og tilsådd med gras etter gravlegging. Montering av gravminne kan først skje etter at gravplassmyndigheita har godkjent gravminnet og merka staden der det skal stå. Det kan ikkje bli sett opp tidlegare enn 6. månader telefritt etter gravlegging av kiste. Ved nye felt der gravminnet monterast på fast grunn kan ein montere gravminnet etter at grava er jamna. Medan ein ventar på gravminne, sørgjer gravplassmyndigheita for eit merke med avdøde sitt namn på.
På nyfesta gravstad skal gravminnet plasserast i bakkant av den grava som er tatt i bruk, og kan bli sentrert på gravstaden etter neste gravlegging ved søknad.
§ 8. PLANTEFELT
Framfor gravminnet er det høve til å opparbeide eit plantefelt i høgde med bakken omkring. Det må ikkje vere breiare enn gravminnet si breidde, men kan i alle tilfelle vere opp til 60 cm breitt. Det kan ikkje stikke lengre fram enn 60 cm, målt frå gravminnet sin bakkant. Det kan ikkje plantast vekstar som overstig gravminnet si høgd eller går utover plantefeltet.
Det er ikkje høve til å bruke faste dekorgjenstandar som blomsterurner, lykter mv. Utanfor plantefeltet. Det er høve til å tenne lys i fastmonterte lykter på grava. Lause dekorgjenstandar skal fjernast etter bruk.
Det er høve til å ramme inn plantefelt med delt steinkant eller bedplate som fluktar med terrenget omkring. Bedplate og fundament for gravminne skal ikkje henge saman.
Dersom det ikkje er aktuelt å ha plantefelt, skal det vere grasbakke på alle sider av gravminnet, eller ei heil bedplate.
Det er ikkje høve til å ramme inn grava med hekk eller døde materiale.
§ 9. PLANTEMATERIALE
Planter, kransar og liknande materiale som blir nytta ved gravferd eller ved pynting av grav og som endar som avfall, skal fullt ut vere nedbrytbare
§ 10. STELL AV GRAV
Kvar ansvarleg for frigrav eller gravfestar har rett og plikt til å stelle den grava vedkomande har ansvaret for. Vidare også ansvar for å klippe inntil gravminnet. Plantefelt som ikkje blir tilplanta eller stelt skal såast til av den ansvarlege eller bli sådd til av gravplassmyndigheita.
Ansvarleg for grav eller festar pliktar å halde gravminnet sikra og i forsvarleg stand.
Ansvarleg for grav eller festar kan gjere avtale om at kyrkjelege fellesråd og den som får løyve til det etter § 13, kan utføre planting og stell av grav (samt montering, sikring og vedlikehald av gravminnet). Ein slik avtale fritek ikkje den ansvarlege eller festar frå det ansvaret dei har etter reglane som til ei kvar tid gjeld.
§ 11 NAMNA MINNELUND
Det er avteke område til namna minnelund på Aure, Gullstein og Stemshaug. Ved gravlegging i namna minnelund påføres navn og data til avdøde på en navneplate på felles minnesmerke. Når urnegrav på namna minnelund blir teken i bruk kan det festes ei grav i tillegg. Festetida er 20 år, festet kan innehalde fleire graver. Graver i namna minnelund kan festes på lik linje med andre graver på gravplassen. Dersom grava blir bruka på nytt etter fredningstida, blir namneplate skifta ut og ny eingongsavgift blir belasta. Ved gravlegging i namna minnelund må kostnadar til namneplate og andel av minnesmerke, beplantning og stell betalast. Namneplate har plass til eit namn. Ved feste av ny grav, blir det avteke ei namneplate ved siden av. Gravplassmyndigheita har ansvar for felles beplantning og stell i minnelunden. Det er ikkje anledning til å opparbeide eige plantefelt for grav i minnelund. Det kan plasserast blomster og tenne gravlys på tilvist plass, så lenge det er innenfor gjeldende regler for brannvern,
§ 12. BÅREROM
Det er to bårerom i kommunen. Eit på Aure og eit på Gullstein. Båreroma blir disponert av kyrkjelege fellesråd og kommunen, og skal berre nyttast til oppbevaring av døde i tida fram til gravferda. Ingen har tilgang utan etter løyve. Liksyning kan berre finne stad etter samtykke frå den som står for gravferda, og vedkjem ikkje dei tilsette.
§ 13. NÆRINGSVERKSEMD
Næringsdrivande som ønskjer å drive verksemd på gravplassen skal hente inn løyve frå gravplassmyndigheita. Løyvet kan kallast tilbake dersom vedkomande ikkje rettar seg etter dei reglane som gjeld.
Slik verksemd kan berre omfatte montering, sikring og vedlikehald av gravminne og beplanting og stell av graver.
§ 14. ARBEID PÅ GRAVPLASSANE
Anleggs- og vedlikehaldsarbeid skal skje på kvardagar i arbeidstida (kl. 07:00-17:00) og må ikkje utførast på søndagar, heilagdagar eller offentlege høgtidsdagar. Ikkje noko arbeid på gravplassen må vere til sjenanse for seremoniar eller rituelle handlingar på gravplass eller i bygning på gravplass. Næringsdrivande kan berre køyre på gravplassen i den grad det er nødvendig for å utføre arbeidet. Slik køyring skal skje ekstra omsynsfullt.
§ 15. DISPENSASJON FRÅ VEDTEKTENE
Gravplassmyndigheita kan i særlege tilfelle og innanfor ramma av gravferdslov og gjeldande forskrifter fråvike frå lokale vedtekter.