Eit ekteskap blir inngått når ei kvinne og ein mann i nærvær av vitne gir kvarandre løfte om at dei vil leve saman i ekteskap - og når ein godkjent vigselsperson gjer kjent at ekteskapet er offentleg gyldig
Ei ekteskapsinngåing kan skje borgarleg eller kyrkjeleg - juridisk sett er det ingen skilnad. Men ein kyrkjeleg vigsel har eit kristent perspektiv i tillegg til den juridiske sida. Handlinga har preg av å være ei gudsteneste. Det blir lese bibeltekster om ekteskapet, og ein ber for dei som giftar seg. Ektepar som er vigde borgarleg, kan i ettertid velje å ha ei kyrkjeleg forbønshandling for ekteskapet.
Kontakt kyrkjekontoret i god tid for å avtale vigsel!
Kva må ordnast før vigsel?
Prøving av vilkår for å inngå ekteskap skjer gjennom folkeregisteret/ Skatteetaten.
Skjema
Kvar av forlovarane skal fylle ut skjemaet Forlovererklæring
Kvar av brudefolka skal fylle ut skjemaet Erklæring for prøving av ekteskapsvilkåra
Endring av namn
Ved endring av namn skal det etter Namnelova av 7. juni 2002 sendast melding om endring av navn til folkeregisteret.
Endring av namn gjerast på skatteetaten sine sider.
Viss ingen av brudefolka er oppførte som busett i Aure kommune, må prøvinga skje på det folkeregisteret der ein av brudefolka er registrerte som busett. Folkeregisteret føretek prøvinga, og sender deretter prøvingsattest til Soknepresten i Aure.
Prøvingsattesten må sendes eller leveres til kirkekontoret.
Etter vigsel får brudeparet ein mellombels vigselattest av presten, og vil få tilsendt endeleg vigselsattest frå folkeregisteret med det første.
Når de kontaktar kyrkjekontoret, avtalar de dato og klokkeslett for vigselen. Det kan vere lurt å ringe i god tid, for å vere sikker på at vi har prest ledig. Dette gjeld særleg om vigselen skal vere på sommarstid. Opplysningar om kven som skal vere forlovar, ønskjer om musikk m.m. kan vi få seinare. Når det nærmar seg vigselen, vil presten ha ein samtale med brudefolka.
Dei som blir vigde i Gullstein, Aure eller Stemshaug kyrkjer, får ein brudebibel av kyrkjelyden etter vigselen.
Les om vigsel på kirken.no
https://www.skatteetaten.no/person/folkeregister/ekteskap/ekteskap/i-norge/veien-til-ekteskapet/