I heile den kristne kyrkje er dåpen det grunnleggjande teiknet som dannar utgangspunkt for den døypte sitt liv i trua og i kyrkja. Den kristne dåpen vert praktisert på ulike måtar i dei ulike kyrkjer. I vår lutherske kyrkje har vi barnedåp. Det er gjennom dåp ein blir medlem av Den norske kyrkje.
Det er ei forutsetning for dåp av barn at dei vert oppseda i den kristne trua. Når borna blir døypte, skjer det difor i forventning om at dei skal ta del i kyrkja si dåps- og konfirmasjonsopplæring.
Den norske kyrkje ventar at den som er medlem av kyrkja, melder sitt barn til dåp, og barnet bør, så sant det er mogleg, døypast før det er tre månader gammalt. Dåp skal meldast i god tid til presten/kyrkjelyden.
Opplysningar kyrkjekontoret spør etter:
Namn og fødselsdato, personnummer på barnet. Er skjema for namneval utfylt og returnert til folkeregisteret?
- Namn, adresse og telefonnummer til foreldre.
- Namn på fadrar.
- Kyrkjekontoret må også ha fødselsattest på barnet og foreldra. Dette kan du ta med til samtalen med presten og skal vise foreldrerett.
Dersom du ikkje bur i Aure kommune må du ògså:
- Kontakte det lokale kyrkjekontoret og opplyse om dåpsdagen.
- Gje dei same opplysningane som over, og avtale dåpssamtale med presten på heimplassen. Presten vil deretter sende ei dåpsmelding til soknepresten i Aure.
Fadrar
Det skal vere minst to og høgst seks fadrar. Fadrane må vere personar som er medlemmar av Den norske kyrkja, eller andre kristne som ikkje forkastar barnedåpen. Den som skal vere fadder, må vere fylt femten år. Foreldre kan ikkje vere fadrar til sitt eige barn. Fadrane blir ført inn i kyrkjeboka.
Fadderen si oppgåve
Ein fadder tek på seg ei ansvarsfull oppgåve. Fadderen skal for det første være vitne om at barnet er døypt med ein kristen dåp. For det andre lovar fadderen å be for barnet og lære barnet å be. Dessutan skal fadderen hjelpe barnet til å bli kjent med bibelhistoriene og oppmuntre det til å gå til nattverd. I ein sum skal fadderen hjelpe til at barnet "skal verte verande hos Kristus når det veks opp".
Barnets oppvekst
En fadder tek på seg eit langtidsoppdrag. Fadderen skal følgje barnet gjennom oppveksten, og vise det kjærleik og omtanke. Fadderforpliktinga kan til dømes følgjast opp ved å gje barnet ein barnebibel, vitje barnet eller sende det ei helsing på dåpsdagen, oppmuntre foreldra til å ta med barnet på familiegudstenester og søndagsskole, eller ved å tilby seg å ta barnet med på gudsteneste sjølv.
La barnet bli medlem i dåpsklubben Tripp trapp