EI ANNLEIS JUL


EI ANNLEIS JUL 

Digital gudsteneste  julaftan, og påmelding til gudsteneste 1 juledag kl. 12.00 i Aure kyrkje til post@aurekyrkje.no eller tlf: 71646251

 

 

 

Året 2020 har blitt heilt annleis enn det vi er vande med. Også innafor kyrkja.

Med smittevernreglar, ned stenging av kyrkjene, slik at vi ikkje kunne ha gudstenester. Berre gravferder med maks 10 personar  til stades var lov i mars, på starten av pandemien. Dette var veldig trist på alle måtar.

 

Når det opna opp att for 200 personar kunne vi for så vidt arrangere både gudstenester og andre kyrkjelege handlingar på vanleg vis, berre vi hadde kontroll på kven som var til stades.

 

No når vi nærmar oss jul, er det maksimalt 50 personar, utanom stab, som kan vere til stades i kyrkja.

Adventstida og julehøgtida blir derfor heilt annleis enn tidlegare år, med dei vanlege samlingar og gudsteneste. Likevel har vi fått til å arrangere 14 flotte samlingar for både  barnehagar og skule no i adventstida.

 

I julehøgtida blir det ikkje blir vanlege gudstenester i kommunen vår dette året, forutan

1.  juledag i Aure kyrkje kl. 12.00. Her vil vi ha påmelding til post@aurekyrkje.no

eller tlf. 71646251.

 

Det vil bli teke opptak av julegudsteneste på førehand og lagt ut på nettet julaftan kl. 15.00. Gå inn på www.aurekyrkje.no der vil de finne ein link til gudstenesta. Elles vil Aure kommune legge ut eit program på si heimeside www.aure.kommune.no  på julaftan der gudstenesta er ei del av sendinga.

 

Ønskjer alle ei god og fredfull jul

 

Kyrkjeverja 

 

Tilbake